Eg leita rundt heile huset
Etter deg
Fann meg ein plass
Der trur veggane snakka til meg
Heilt til eg
Fann eit par sko
Og tok dei på
Gjekk inn i ein skog
Svart og stor
Fann ei rås bak ein stein
Der eg stod
Det kom eit lys ned
Det var'kje sol
Det gjorde meg
Varm og god
Stod der og såg
Midt i ei lysning
Åleine under
Trekronene
Ein flokk fuglar flaug
Over meg
Heilt til eg
Tok mot til meg
Og gjekk min veg
Gjekk ut av ein skog
Svart og stor
Der var det ein by bak ein veg
Der eg stod
Det kom eit lys ned
Det var'kje sol
Det gjorde meg
Varm og god