Når ei prestinne og ei klokkarinne
Har funne tonen og går hand i hand
Då smiler stjernene ned på jorda der dei bur
Og rundt dei i lystig dans - går
Sju englar rundt i ring
For tru håp og alle gode ting
Tru håp og alle gode ting
Og størst av dei er kjærligheta – må veta
Når ei prestinne og ei klokkarinne
Har feira messe og gått saman heim
Er kyrkja stille, men midt i globen skjelv eit lys
Det blafrar så inderlig - av
Sju englar rundt i ring
For tru håp og alle gode ting
Tru håp og alle gode ting
Og størst av dei er kjærligheta – må veta
Når ei prestinne og ei klokkarinne
Har vore tema opp i sokneråd
Og vedtak fatta om sømeleg prestegardsmoral
Og kaffen er sur og kald – går
Sju englar rundt i ring
For tru håp og alle gode ting
Tru håp og alle gode ting
Og størst av dei er kjærligheta – må veta
Når ei prestinne og ei klokkarinne
Med smil om munn har sovna fang i fang
Når månen skin på eit Jesusbilde litt på skrå
Og på to BH'ar på ein stol – går
Sju englar rundt i ring
For tru håp og alle gode ting
Tru håp og alle gode ting
Og størst av dei er kjærligheta – må veta