Eg kan'kje vere heime
Med hovudet mitt
Åleine
Går inn i rommet
Direkte mot et
Hjørne
Det er ein god plass
Å vere
Sjå kva andre folk
Driv med
Halde pusten
Og kjenne på pulsen
Trudde eg var limt fast
I veggen
Heilt til eg løsna frå ein plass
På vegen
Slapp å stå å gøyme meg
Ingenting var nøye meir
Eg veit eg ikkje bør bli lenge
Men eg vil
Det er det eg vil
Eg veit eg i alle fall ikkje treng det
Får kje til
Å sleppe tankane til
Trudde eg var limt fast
I veggen
Heilt til eg løsna frå ein plass
På vegen
Slapp å stå å gøyme meg
Ingenting er nøye meir
Eg kan berre røyse meg
Stikke ut i byen igjen
Ikkje tenke på kva eg skal
Ikkje gje noko, berre ta
Kanskje det er like bra
Viss eg spør om kva du skal
Løyser opp,
Skrellar huda av
Stiller altfor mange krav
Stiller altfor mange krav
Blei aldri sånn som eg tenkte det
Fekk aldri det eg ville ha
Er altfor flink til å knuse det
Som faktisk kunne blitt bra