Elige una pista para reproducir
Å eg veit meg et land langt der oppe mot nord
Med ei lysande strand mellom høgfjell og fjord
Der eg gjerne er gjest, der mitt hjarta er fest
Med dei finaste finaste band
Å eg minnes, å eg minnes, å eg minnes så vel dette land
Der eit fjell stig mot sky med si krone av snø
Og i lauvklednad ny det seg speglar i sjø
Og det smiler mot strand med si bringe i brann
I den solklåre, solklåre kveld
Å eg minnes, å eg minnes, å eg minnes så vel dette fjell
I min heim var eg sæl av de Gud var alt vel
Og eg kjende så vel kor det anda Guds fred
Når tel kyrkja me fór, når me heime heldt kor
Og med moder, med moder eg ba
Å eg minnes, å eg minnes, å eg minnes så vel denne stad
Denne heim er meg kjær som den beste på jord
Han mitt hjarta er nær denne fjetrande fjord
Og det målande fjell og den strålande kveld
Hugen leikar, den leikar på deim
Å eg minnes, å eg minnes så vel denne heim
Å eg lengtar så titt dette landet å sjå
Og det dreg meg så blidt når eg langt er i frå
Med den vaknande vår vert min saknad så sår
Så mest gråta, mest gråta eg kan
Å eg minnes, å eg minnes, å eg minnes så vel dette land