Выберите трек для воспроизведения
Dersom kjærligheta var mi
Skulle eg dikte ein song om henne til deg
Ein song om henne til deg
Ein song som var mjuk mot kinnet
Så varm som augustsol gjennom ditt hår
Så klår som det blå i ditt auge
Så klår som det blå i ditt auge
Ein song til å spegle seg i
Dersom kjærligheta var mi
Dersom kjærligheta kom hit
Skulle eg stelle til fest for henne og deg
Ein fest for henne og deg
Ein fest med den finaste vinen
Ei krukke eg har på ein hemmeleg stad
Og vi skulle le og danse
Ja vi skulle le og danse
Og glømme alt slep og slit
Dersom kjærligheta kom hit
Dersom kjærligheta slapp fri
Skulle vi ta ho i hus og gje henne ly
I hus og gje henne ly
Eit ly mot dei pengegrå hender
Som byr henne fram i reklamens bordell
Og aldri meir skulle ho danse
Nei aldri meir skulle ho danse
På handelens svinesti
Dersom kjærligheta slapp fri
Dersom kjærligheta var mi
Skulle eg dikte ein song om henne til deg
Ein song om henne til deg
Ein song som var mjuk mot kinnet
Så varm som augustsol gjennom ditt hår
Så klår som det blå i ditt auge
Så klår som det blå i ditt auge
Ein song til å spegle seg i
Dersom kjærligheta var mi